tirsdag 5. februar 2008

For ei gjev brok!



Det har kome inn klagar på at me er alt for dårlege på å oppfylle blogspot sin klausul på at 2% av innlegga skal vera på nynorsk. Me skal ta oss kraftig på tak sjølvsagt, og me vonar at denne prosenten vert nådd innan utgangen av februar. Me oppmoder med dette alle våre blogglesarar om å skriva kommentarar på nynorsk - det vakraste skriftmålet i Noreg - om dykk meistrar det på ein akseptabel måte (minst 3 / G).

Denne broka er sydd av ein stoveduk som har tilhøyrt ei som jobbar på brukthandelen i Vågsbotn i Bergen. Det rår uvisse kring opphavet til foret, men dei applikerte blomane kjem frå underteikna si mor.

På vegne av Luddeklede; LuddeTove

3 kommentarer:

Kreistiene sa...

Hei!

Dette var heilt i ypperste klasse.
Er ser at me må bruka desse stoffa med blomar på som applikasjonar.
Me har jo eit dynetrekk som dykk veit heime hjå meg, med dei same blomane. Eg skal tegne forsikring låsa det inne. Kva skal storleik er dette, og kva kostar ho?
Eg skal gå innom vågsboden, så dei kan klikka seg inn å sjå.

annemor sa...

Det må eg seie,her har du teke eit krafttak for målsaken, Tove!
Broka var fin,ho og.

Mie sa...

Hvordan går jeg fram hvis jeg vil kjøpe et av plaggene deres som jeg har sett på bloggen?